Attraktiv stilling i solid verksemd med sterk marknadsposisjon

 
Attraktiv stilling i solid verksemd med sterk marknadsposisjon
Vi søkjer etter ein person som skal vere dagleg leiar for Dale Rør AS. Vi søkjer etter ein engasjert, tydeleg og samlande person med gode leiareigenskapar. Hovudoppgåva blir å utvikle verksemda vidare. Den rette kandidaten kan etter kvart også få tilbod om stilling som dagleg leiar i søsterverksemda Vest Rørteknikk AS.

Arbeidsgiver: Dale Rør AS | Stillingstittel: Dagleg leiar | Frist: 25.01.2021

Arbeidsoppgåver/ansvarsområde

  • Resultatansvar i selskapet
  • Utvikling av selskapet sin marknadsposisjon
  • Utvikling av fagleg nivå, i samarbeid med fagansvarleg
  • HMS og internkontroll
  • Økonomistyring

Vi søkjer etter ein person som 

  • Har leiarerfaring med gode resultat og gode referansar
  • Har kompetanse og erfaring med forhandlingar og utforming av kontraktar
  • Har erfaring frå byggjebransjen eller faget. Gjerne med erfaring som ingeniør, prosjektleiar eller røyrleggjarmeister.

Vi kan tilby ein spennande, variert og utfordrande stilling med gode løns- og arbeidsvilkår i ei verksemd med evne og vilje til vekst.

Spørsmål om stillinga kan rettast til bedriftsrådgjevar Toralf Alsaker i Fjellbekk AS, tlf 90 92 90 90, eller styreleiar Johan Magerøy i Dale Rør, tlf 91 81 95 45.

Om arbeidsgiveren
Dale Rør AS er leverandør av røyrleggjartenester i Sunnfjord-regionen, i hovudsak innanfor privatkundemarknaden. Verksemda har hovudkontor og butikkutsal på Øyrane i Førde (Sunnfjord kommune). Selskapet har opparbeidd solid økonomi og ein sterk marknadsposisjon etter meir enn 60 år i bransjen. Det er 15 årsverk i organisasjonen. Eigar og noverande dagleg leiar skal over i ny stilling i verksemda.

Vest Rørteknikk AS (VRT) er "søsterverksemda" til Dale Rør. VRT er VVS-entreprenør som tar større og mindre oppdrag innan privat og offentleg sektor, primært retta mot den profesjonelle marknaden (B2B). VRT gjennomfører oppdrag frå skisse til ferdig prosjekt og har 7 årsverk i organisasjonen.

Søk her

comments powered by Disqus
 

 
 
 
 

Aktivitetskalender

Vis alle

  

Aktuelle prosjekter

Vis alle

  

Bransjekommentar

Vis alle

  

Kurs og Seminarer

Vis alle

  

Produktnyheter

Vis alle

  

Nyttekjøretøy

Vis alle

  

 
 
 
Retningslinjer for datahåndtering, personvern og informasjonskapsler

Ved å surfe videre på vår hjemmeside og bruke våre tjenester godkjenner du at vi samler inn data om dine besøk. I vår personvernerklæring forklarer vi hvilke data vi samler inn, hvorfor vi samler dem inn og hva vi bruker dem til. Les mer...

OK, jeg forstår