Prosjektleiar

 
Prosjektleiar
Vil du jobbe med å skape energieffektive bygg?

Arbeidssted: GK Inneklima Førde/Sogndal
Søknadsfrist: 25.10.2020

GK søkjer etter prosjektleiar til vår kontorstad i Førde og/eller Sogndal

Er du vår nye prosjektleiar? Vi ser etter deg som er metodisk og systematisk, planlegg og gjer klare prioriteringar. Du forstår raskt komplekse spørsmål, føretek sunne og rasjonelle vurderingar, handlar på eige initiativ, og tek samstundes ansvar for resultatet. Du har fokuset ditt på sluttlinja, og identifiserar risiko og finansielle konsekvensar av eigen aktivitet. Med andre ord har du orden på eigne prosjekt.

Du etterlever organisasjonens reglar og prosedyrar, utførar planar med engasjement og utholdenheit, oppnår kvalitetsmessig gode resultat. Du samarbeidar godt, delar kunnskap, erfaringar og informasjon, støttar andre for å nå teamets mål.

Både nyutdanna og dei med meir erfaring oppfordrast til å søkje!

GK Nordvest har totalt 84 tilsette innan ventilasjon, service, byggautomasjon, kulde og energi, der 33 av dei er lokalisert i Sogndal og Førde. Med so mange kompetente medarbeidere vil du bli ein del av eit særs godt kompetansemiljø som du kan utvikle deg vidare i. Vi er opptatt av berekraft og har stort fokus på innovasjon og utvikling, og ynskjer å vere ein pådrivar for ein meir berekraftig bransje. Difor er vi opptatt av å levere høg kvalitet som sikrar gode bygg med sunn driftsøkonomi også for neste generasjon.  

Arbeidsoppgåver:

  • Leie og følgje opp eigne prosjekter på byggjeplass
  • Teknisk, økonomisk og framdriftsansvar for eigne prosjekt
  • Oppfølging av underleverandørar/partnarar
  • Kundekontakt og salg
  • HMT- og kvalitetsansvarleg for eigne prosjekt
  • Fagområde er ventilasjon, kjøling, automatikk og enøk

Foretrukne kvalifikasjonar:

  • Ingeniørkompetanse VVS/elektro-bransjen
  • Relevant erfaring er ein fordel, gjerne bakgrunn fra handverksfag
  • Resultatorientert
  • Evne til god kommunikasjon
  • Utadvendt og serviceinnstilt
  • Generelt god IT-kunnskap

Vi kan tilby:

  • Ei interessant stilling i eit selskap i utvikling, i eit stort konsern med solid økonomi
  • Utfordrande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
  • Kurs og etterutdanning
  • Gode datasystem for prosjekt- og økonomistyring
  • Gode pensjons-, løns- og forsikringsforhold
  • Bil- og telefonordning

 

Har du spørsmål til stillingen kan du kontakte Johan Gjøringbø, avdelingsleiar i Førde, og Åge Ruud, avdelingsleiar i Sogndal.

Kontaktperson:
Åge Ruud
Avdelingsleder 
E-mail
Telefon: 48996141

Johan Gjøringbø
Avdelingsleder 
E-mail
Telefon: 91154597

Søk HER

 

 

 

 

comments powered by Disqus
 

 
 
 
 

Aktivitetskalender

Vis alle

  

Aktuelle prosjekter

Vis alle

  

Bransjekommentar

Vis alle

  

Kurs og Seminarer

Vis alle

  

Produktnyheter

Vis alle

  

Nyttekjøretøy

Vis alle

  

 
 
 
Retningslinjer for datahåndtering, personvern og informasjonskapsler

Ved å surfe videre på vår hjemmeside og bruke våre tjenester godkjenner du at vi samler inn data om dine besøk. I vår personvernerklæring forklarer vi hvilke data vi samler inn, hvorfor vi samler dem inn og hva vi bruker dem til. Les mer...

OK, jeg forstår