Prosjektleiar til fleire spanande prosjekt ved Førdekontoret!

 
Prosjektleiar til fleire spanande prosjekt ved Førdekontoret!
Søknadsfrist: 01.05.2022
Sted: Førde
Tittel: Prosjektleiar

GK er et leiande selskap innan teknikk i bygg i Norge, og vi søker etter ein prosjektleiar som vil jobbe med å skape energieffektive bygg.  Som prosjektleiar hjå oss vil du bli ein del av eit godt og sosialt arbeidsmiljø i ein viktig rolle.

Vi har sett oss ambisiøse mål innan berekraft og klima, fordi vi kan sjå at jobben vi gjer kan utgjere ein forskjell. I rollen som prosjektleiar tek du leiarskap til eigne prosjekt og trivst med fleire prosjekt samstundes. Hjå oss vil du ha påvirkningskraft på eigen kvardag og sjå at det er handlingar som tel.

Vi er opptekne av berekraft og har stort fokus på innovasjon og utvikling, og ynskjer å vere ein pådrivar for ei meir berekraftig bransje. Difor er vi opptekne av å levere høg kvalitet som sikrar gode bygg med sunn driftsøkonomi også for neste generasjon.  

Arbeidsoppgåver:

  • Styre og følgje opp eigne prosjekter
  • Teknisk, økonomisk og framdriftsansvar for eigne prosjekt
  • Oppfølging av underleverandørar/partnarar
  • Kundekontakt og salg
  • HMT- og kvalitetsansvarleg for eigne prosjekt

Kvalifikasjonar:

  • Fagkompetanse innan ventilasjon eller tekniske fag
  • Det er ønskjeleg med erfaring som prosjektleiar, men ikkje eit krav
  • Generelt god IT-kunnskap

Personlege eigenskapar:

For å lukkast i denne rolla trur vi det er ein fordel at du er ein strukturert person som er oppteken av resultat og toler ein til dels hektisk kvardag. Du kan raskt setje deg inn i komplekse spørsmål, føretek sunne og rasjonelle vurderingar, handlar på eige initiativ og tek samstundes ansvar for resultatet. Som prosjektleiar samarbeider du godt og delar kunnskap, erfaringar og informasjon, samstundes som du støttar andre for å nå teamets mål.

Det er viktig at du identifiserer deg med våre verdiar; inkluderande, nysgjerrig og ansvarleg (INA).

Kvifor GK:

  • Ei interessant og spanande stilling i ei offensiv bedrift med høge ambisjonar og solid økonomi
  • Utfordrande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
  • Kurs og etterutdanning
  • Gode datasystem for prosjekt- og økonomistyring
  • Gode pensjons-, løns- og forsikringsforhold
  • Bil- og telefonordning

Som medarbeidar i GK vil du oppleve at du er ein del av ei positiv utvikling, og at du er på lag med dyktige fagfolk som saman inspirerer kvarandre til å gjere ein forskjell som verkeleg tel. Du vil oppleva at du jobbar i eit innovativt og teknologiorientert selskap med høge ambisjonar som verdset din kompetanse, og at kollegaer har omtanke for deg som medarbeidar og privatperson. Vær med og bli eit klimaforbilde du også!

Har du spørsmål til stillinga kan du kontakte avdelingsleiar Åge Ruud, tlf: 489 96 141. Eller kontoransvarleg i Førde, Johan Gjøringbø, tlf: 911 54 597.

Søk her!

comments powered by Disqus
 

 
 
 
 

Aktivitetskalender

Vis alle

  

Aktuelle prosjekter

Vis alle

  

Bransjekommentar

Vis alle

  

Kurs og Seminarer

Vis alle

  

Produktnyheter

Vis alle

  

Nyttekjøretøy

Vis alle

  

 
 
 
Retningslinjer for datahåndtering, personvern og informasjonskapsler

Ved å surfe videre på vår hjemmeside og bruke våre tjenester godkjenner du at vi samler inn data om dine besøk. I vår personvernerklæring forklarer vi hvilke data vi samler inn, hvorfor vi samler dem inn og hva vi bruker dem til. Les mer...

OK, jeg forstår